Eidfjord Kommune

Oversikt over motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2019

Oversikt over motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2019

Eidfjord Fjellstyre har inntil 5 turar med traktor på slepa Fossane - Høgahæ - Eitro - Låghelleren i tidsrommet 3 dagar før – under og 3 dagar etter villreinjakta 2019.

Fjellstyra står ansvarleg for å fordela turane mellom sine brukarar, og har ansvar for fullstendig rapport vert sendt Tilsynsutvalet i Hordaland snarast etter avslutta villreinjakt. Traktorturane bør spreiast mest mogeleg i heile perioden for villreinjakta, slik at traktortilbodet vert gjeldande for alle jegerane.

Oversikt over kven som køyrer:

  • Svein Petter Garen (2 løyver)
  • Hallvard Vik (1 løyve)
  • Johan Vik (1 løyve)
     

Kontakt

Gunnar Elnan
Eidfjord fjellstyre
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord