Eidfjord Kommune

Tildelingsbrev og informasjon om villreinjakta 2019

Tildelingsbrev og informasjon om villreinjakta 2019

Dette brevet vert sendt på e-post til dei 130 fyrste på trekningslista og lagt ut på heimesida. Miljødirektoratet har stadfesta kvotevedtak og vedteke jakttid for 2019. Fjellstyre er takksam for rask tilbakemelding om de ikkje ynskjer å nytta tilbodet slik at fjellstyret kan gi tilbodet om jakt vidare på varamannslista.

Fellingskvota for Eidfjord statsallmenning, Ha-283, er på 411 bukk 2½ år og eldre. Kvota som tilfaller Ullensvang fjellstyre til fordeling for halvparten av Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågen utgjer 125660/550317 * 411 * 0,5 = 46,9 ≈ 47 fellingsløyve.

Jakttida er slik:

Hardangervidda villreinområde nord for riksveg 7 f.o.m. 01.08.19 t.o.m. 22.09.19
Hardangervidda villreinområde sør for riksveg 7 f.o.m. 10.08.19 t.o.m. 22.09.19

Tildeling av fellingsløyve

Fjellstyret har sett eit tak på 130 jegerar på allmenningen grunna fare for jegersamanstimlingar i lett tilgjengeleg jaktterreng. Dette gjer at fjellstyret let det vera opp til den enkelte jeger å løysa ut inntil 3 fellingsløyve per innanbygds jeger. Det er oppmoda om å få teke nok CWD-prøver og at fellingsløyva er i bruk.

Ordningar for jakta

 

  1. Det vert for innanbygds å kunna løysa inntil 3 fellingsløyve per jeger så lenge kvota rekk. Utanbygds kan løysa 1 fellingsløyve per jeger. Det vert å oppretta kortbank til bruk for jegerar som er tildelt fellingsløyve og som dokumenterer å ha brukt tildelt løyve.
  2.  Innanbygds ungdom som har lov til å delta i opplæringsjakt (fyller 16 år i år og er under 18 år) får tildelt eit fellingsløyve til pris av fellingsavgifta (kr 308,- for vaksne dyr).
  3. Betalte fellingsløyve vert utlevert i ekspedisjonen, betaling skal skje med bankkort og mot framvising av godkjent jegeravgiftskort. Frist for betaling er 1. Juli. Det vert ikkje purra denne fristen som er absolutt!
  4. Fellingsløyva og utstyr for å ta CWD-prøve kan hentast i ekspedisjonen. Det er i skrivande stund uvisst når desse er tilgjengelege. Det vert kravd kr 200,- i ekspedisjonsgebyr frå dei som ynskjer betaling skal gjerast via bankgiro og fellingsløyve skal sendast.
  5. Ekspedisjonsgebyr vert kr 200,- per fellingsløyve for innlevering og overføring under jakta. Innleverte fellingsløyve vert tildelt etter trekkingslista.
  6. Nattefredinga vert frå kl 19.00 til kl 07.00.
  7. Det kan vera inntil 3 medlemer på jaktlaget. Kvar jeger må vera tildelt fellingsløyve.
  8. Jaktlag kan vera samansett av inn- og utanbygdsbuande, men krav at alle må vera tildelt fellingsløyve stempla Ha-283.
  9. Frist for innsending av jaktlag til fjellstyret for godkjenning er 5. august.
  10. Ungdom i opplæringsjakt kan ikkje vera med på jaktlag
  11. Fellingsløyve skal vera innlevert fjellstyret seinast 27.09. Ved gjenteke brot kan dette medføra reaksjonar frå fjellstyret.
  12. Innabygds jegerar med kort tildelt frå fjellstyret kan nytta kort frå private vald i Eidfjord på statsallmenningen.
  13. Berre innanbygds jegerar og jegerar frå Ullensvang herad med fellingsløyve stempla Ha- 283 kan nytta Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågenvassdraget (utanfor fredningssona).
  14. Fjellstyret kan på kort varsel opna fredningssona dersom reinen står i vest.

Prisar

Bukk nr 1, kr. 1300,- for innanbygds, kr 2600,- for utanbygds
Bukk nr 2, kr 1000,- for innanbygds
Bukk nr 3, kr. 700,- for innanbygds

For betaling på nettbank, betal til Eidfjord fjellstyre konto 3450 20 04966. Hugs å merk namn og adresse på melding til fjellstyret. Fjellstyret har også Vipps 125429.

Kontakt

Gunnar Elnan
Eidfjord fjellstyre
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord