Varsling om dau elg og hjort

Alt vilt som vert funne dødt er i utgangspunktet Viltfondet si eigedom. Dersom nokon finn og ynskjer å nytta seg av dødt vilt er det reglar for dette og kommunen skal varslast før dyr vert fjerna. Hjortevilt skal registrerast i fallviltregisteret, dette er viltnemnda si oppgåva. I tillegg skal det takast cwd-prøve og kjeve av fallvilt frå elg og hjort.

Det kan vera greit å nytta dødt vilt til åte, men dette må ikkje nyttast utan at det er kontrollert for cwd fyrst. Kadaver kan bidra til spreiing av cwd dersom dei vert nytta som åte.