Eidfjord Kommune

Redusert rypejakt i haust

Redusert rypejakt i haust

Fjellstyret har vedteke å opna for rypejakt frå 23.09, men med nokre avgrensingar

Reglar for rypejakt

  • Det vert opna for jakt med hund frå 23.09.
  • Det vert opna for jaktkortsal til innanbygds frå 23.09.
  • Kortsalet frå 1. oktober vert avgrensa til 25 kort om gongen. Det vert berre selt dagskort.

Desse reglane kjem i tillegg til gjeldande reglar for småviltjakt. Det betyr at for perioden 23.09-01.10 vert det sendt ut kort til utanbygds jegerar som er trekt ut med tilbod om jakt med hund.

Frå og med 01.10 vert det opna for kortsal via inatur.no med avgrensing i tal både for jakt med hund og jakt utan hund.

Rypetaksering

Bakgrunn for denne regulering er takseringsresultat og inntrykk elles som viser brukbart med stamfugl, men låg kyllingproduksjon. Dette gjeld spesielt fjellrypa, lirypa synest å tåla forsiktig jakt.

Fjellstyret oppmoder difor jegerane til ikkje å skyta fjellrype.

Kontakt

Gunnar Elnan
Eidfjord fjellstyre
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205