Eidfjord Kommune

Stenger fjellstyrehyttene

Stenger fjellstyrehyttene

Eidfjord fjellstyre har av omsyn til villreinen vedteke å stenga fjellstyrehyttene sør for Rv7 for fritidsbruk med umiddelbar verknad. Stenginga gjeld umiddelbart og fram til sommarsesongen.

Villrein

Villreinen på Hardangervidda er pressa pga menneskeleg aktivitet. Frå ei samla forvaltning er det oppmoda til «dugnad» med tiltak for å redusera unødig aktivitet som kan uroa villreinen og redusera reinen si moglegheit til arealbruk. Fjellstyret følgjer difor opp Øvre Numedal fjellstyre sitt vedtak om å redusera aktivitet i statsallmenningen gjennom å stenga fjellstyrehyttene. 

Krobu

Fjellstyrehytta på Krobu vert ikkje omfatta av dette vedtaket. Denne ligg nord for Rv7 i nordenden av Drageidfjorden. Dette er område som i dag vert nytta av rein frå Nordfjella, men som samstundes er i grenseland mot Hardangervidda. Av omsyn til faren for spreiing av skrantesjuke er det eit mål å halda rein frå Hardangervidda og Nordfjella adskilt.

Ynskje om leige av denne hytta sendast fjellstyre@eidfjord.kommune.no