Eidfjord er tilbake til nasjonalt tiltaksnivå frå 22. februar 2021Regjeringa har i dag beslutta at Eidfjord, saman med nabokommunane Voss og Ullensvang går tilbake på nasjonalt tiltaksnivå, med verknad frå måndag 22. februar kl 00:01 Publisert19.02.2021 14.09 Sist endra20.02.2021 17.39 Dette betyr tilbake til dei same reglane som Eidfjord hadde før me vart ein del av dei regionale tiltaka i §5-b. For Eidfjord betyr dette: Skule, barnehage og kulturskule Lægreid skule - gult nivå Barnehage - gult nivå Kulturskulen - gult nivå Normalen er grønt nivå i fylgje trafikkljosmodellenFritidsaktivitetar Fritidsklubben opnar att på samfunnshuset (open i vinterferien) - kl. 19 - 22 kvar onsdag - kl. 19 - 23 annakvar fredag Bassenget opnar for offentleg bading frå veke 9 (stengt i vinterferien) Styrkerommet opnar frå måndag 22. februar Viktig å fylgja smittevernreglane Idrettshallen er open for aktivitetar for barn og unge under 20 år Kinoen opnar frå måndag 22.februar Biblioteket er ope frå måndag 22. februar Fritidsaktivitetar vaksne Fritidsaktivitetane på Sæbø skule opnar for aktivitet frå måndag 22. februar Fritidsaktivitet for vaksne med inn til 20 personar er lov utandørs Det vert opna for nokon aktivitetar for vaksne i Eidfjordhallen, dette gjeld til dømes spinning og halltrening som har innarbeida gode smittevernrutinar Det skal vera mogeleg å halda avstand og oppfylla gjeldande smittevernrutinar Bygdaheimen har eigne besøksrutinarGjeldande nasjonale tiltak frå 23. februar