Endå eit nytt smittetilfelle i Eidfjord

Endå eit nytt smittetilfelle i Eidfjord

Det har også i dag kome eit nytt smittetilfelle  i Eidfjord kommune. Det er til saman 3 smittetilfeller knytt til Lægreid skule. 

Det har vorte gjennomført nødvendig smittesporing, og planlagt testing utfrå dette. Me har delt ut hurtigtestar der det er aktuelt.  

Eidfjord kommune oppmodar alle om å ha godt smittevern

  • hald avstand
  • ha god hoste- og handhygiene
  • hald deg heima ved sjukdom

Det er dei nasjonale råd, tilrådingar og retningsliner som gjeld. Eidfjord kommune fylgjer desse, du finn alle reglane på koronasidene til regjeringa. 

Andre som har symptom må ta kontakt med legekontoret for å få utlevert hurtigtest.

Spørsmål og svar