God jol frå ordføraren

God jol frå ordføraren

Jolahøgtida er ei tid for glede og forventingar, ei tid for å samla nære og kjære rundt seg. I år òg vert det ei høgtid sterkt påverka av covid-19.

Nasjonale tiltak som skal redusera smittespreiinga er nok ein gong innført. Tiltaka skal redusera tala på kontaktpunkt, dei krev ikkje at me skal avstå frå kontakt med alle andre. Me kan samla dei nære og kjære også i år. 

Tradisjonar er for mange av oss det som gjer jolahøgtida spesiell. I år og er det nokon tradisjonar som må vika . Eg har eit håp om at me i lag og kan visa litt ekstra omtanke med dei som opplever jola som ei vanskeleg tid.  

Kanskje kan det skapast nye fine tradisjonar og? Gode opplevingar og det å høyra til betyr mykje meir enn all verdas flotte presangar. Eg har eit indarleg ynskje om at alle finn noko å gleda seg over i høgdtida. At alle får ei god jol.  

Eg vil nytta høve til å retta ein stor takk til alle som også i 2021 har bidrege til at me har kome oss så godt gjennom pandemien som me har. Me har vore lojale mot råd og føringar, me har tilpassa oss endringar i strategiar og omfordeling av vaksinedosar.  

Det er veldig godt å oppleva at det nok ein gong er så stor oppslutning rundt 3. vaksinedose. Omfordeling i sommar har bidrege til at me no har fleire dosar enn ledige armar å setja dei i. Fleire melder seg og 1. dose, det er veldig bra. 

Eit anna ljospunkt, bokstavleg talt, i adventstida var ljossetjinga i sentrum. Ei stor takk til næringslivet i sentrum med Borghild i spissen, Statkraft, ungdommar og alle som bidrog til ljossetjinga.  

01.01.2022 vert Eidfjord kommune større, når grensejusteringa Eidfjord og Ullensvang vert gjennomført. Heile Bu i ein kommune gjer nye moglegheiter. Det vert spanande. 

Eg vil til slutt nytta høvet til å ynskja alle ei riktig god jol og godt nytt år i vente.

Anders Vatle, ordførar