God oversikt over smittesituasjonenDet er ikkje bekrefta nye smitta knytt til Lægreid skule. Det er meldt om eitt nytt smittetilfelle uavhengig av skulen. Det er god oversikt over smittesituasjonen i Eidfjord kommune per no. Publisert 12.01.2022 10.58 Sist endra 12.01.2022 11.15 Det har vore gjennomført nødvendig smittesporing, og planlagt testing utfrå dette. Me har delt ut hurtigtester der det er aktuelt. Eidfjord kommune oppmodar alle om å ha godt smittevern halda avstand ha god hoste- og handhygiene hald deg heime ved sjukdom Det er dei nasjonale råd, tilrådingar og retningsliner som gjeld. Eidfjord kommune fylgjer desse, du finn alle reglane på koronasidene til regjeringa. Andre som har symptom må ta kontakt med legekontoret for å få utlevert hurtigtest eller avtale til test. Spørsmål og svar