Har du positiv koronatest?Det er slutt på at du må stadfesta positiv hurtigtest med PCR test, men du er oppfordra til å registrera positiv test til kommunen. Publisert 11.02.2022 14.28 Sist endra 21.02.2022 08.31 Registrering Har du positiv koronatest skal du registrera din positive test i kommunen sitt sjølvregistreringssystem: Logg deg på med elektronisk ID på ReMin. Registrerer testsvaret ditt og del informasjon om nærkontaktar i systemet Du vil få ein sms der det vert forklart korleis du skal forhalde deg vidare Du kan òg registrera på vegne av eigne born. Det er ikkje behov for å ringja legekontoret/koronatelefonen å gje beskjed etter at du har registrert testen Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Eidfjord kommune | ReMin Sjekkliste for deg som har testa positivt - HelseNorge Testing og symptom Treng du hjelp Har du ikkje tilgang til å registrera dette digitalt - ta kontakt med koronatelefonen så får du hjelp. Smittestatus i Eidfjord Eidfjord kommune vil i tida framover rapportere om positive PCR testar og positive hurtigtestar, ein gong i veka på heimesida vår. Vert tenester i kommunen påvirka av høg smitte eller fråvær, vil det koma eigen informasjon om dette.