Informasjon til innbyggjarane i Eidfjord

Informasjon til innbyggjarane i Eidfjord

Det er bekrefta smitte med Covid-19 i Eidfjord kommune i løpet av dei siste dagene. Det har vore gjennomført smittesporing, og me har god oversikt så langt. 

Dei som er berørt av dette har fått informasjon av smittesporingsteamet i Eidfjord.  Informasjon om nærkontakt, eller testing, finn du på  fhi.no.

Nærkontakter og smittekarantene - FHI 

Oppfølging av nærkontaktar og isolering- FHI

Munnbind

Me ber om at alle følgjer anbefalingane om munnbind i situasjonar der det ikkje er mogeleg å halda ein meter avstand, som for eksempel i butikkar, ulike aktiviteter og arrangement osv. Det er òg til god hjelp for oss smittesporarar dersom alle prøver å begrensa antal nærkontaktar.  

Generelle smittevernregler gjeld: 

  • God håndhygiene 
  • Hald deg heima dersom du er sjuk  
  • Lav terskel for testing dersom du får symptomar 

Info 

Oppdatert informasjon vert lagt ut på heimesida til ei kvar tid.  

Grunna stort trykk på legekontoret med vaksinering og testing – ber me om at spørsmål knytt til korona vert stilt til koronatelefon: 952 52 609.