Koronainformasjon pr. 14. januar 2022 

Koronainformasjon pr. 14. januar 2022 

Etter nyttår har det vore nokre smittetilfelle knytt til Lægreid skule. Tilsette i nærkontakt har vorte testa med PCR, samt dagleg hurtigtest i tråd med retningslinjer for testing. Etter ei fagleg vurdering valde me òg ut born me ynskte å testa med heimetestar.

God oversikt

Me meinar no me har god oversikt over situasjonen på Lægreid skule.  Det er ikkje planlagt ytterlegare testing som følgje av desse smittetilfelle. 

Vaksine

Me er godt i rute med vaksinasjon, og vaksineringa vil halda fram dei neste vekene. Som me alt har meldt, er det særs viktig at dei som har fått tildelt time melder frå om dei ikkje kan møta. Klargjorde dosar må kastast etter 8 timar. Me vaksinerer så snart folk er klare, og har difor veldig få tilgjengelege armar å setja unytta dosar i. 

Meir smitte

I tida framover må me forventa meir koronasmitte, òg i Eidfjord, og me må læra oss å leva med det. Krav til å avpassa tiltaka i høve til smittesituasjonen  gjer at terskelen for å innføra inngripande tiltak er, og vil vera, høgare. Dette for å skjerma mot inngripande tiltak mot barn og unge, og for at konsekvensane i næringslivet skal reduserast.  

Som følgje av dette må me òg førebu oss på ein periode med høgare sjukefråvær som følgje av koronasmitte. Me skal likevel prøva å halda tenestene i gang, så sant det er forsvarleg ut frå driftsvurderingar.  

Avslutningsvis vil me oppmoda alle innbyggjarane våre om å fylgja nasjonale råd og reglar.

Regjeringen letter på tiltakene 

Heilt til slutt

  • Hald avstand
  • vask hender
  • bruk munnbind der du ikkje kan halda minst 1 meters avstand

Lokale konsekvensar av lettingar i nasjonale tiltak 14.01.22