Koronavaksine tilgjengeleg for alle over 18 årEr du over 18 år og ynskjer oppfriskingsdose av koronavaksine, ta kontakt med vaksinetelefonen. Publisert 12.01.2023 12.27 Sist endra 12.01.2023 12.34 Eidfjord legekontor har oppfriskingsdosar tilgjengeleg og ber deg som har ynskje om ny dose å ta kontakt med vaksinetelefonen. Det er ynskjeleg med melding på SMS eller per telefon til tlf: 900 28 051. Skriv navn, fødselsdato og stadfesting på at du ønskjer vaksine. Telefonen er åpen mellom kl.08:00-15:00..