Adresse: Lægreidsvegen 37 – tidligare klokkargarden
Gbnr: 5/96
Areal: 2220 m2 – bustadformål 975 m2
Avkøyring: Frå Lægreidsvegen
VA: Vatn og avlaup er ført fram til tomta
Pris: 300 000,-
Spesiell merknad: Omsynssone til Eidfjord gamle kyrkje
Frist for å søkja på tomta: 14.01.2024
Er det fleire søkjarar til tomta ved søknadsfristens utløp – vil tildeling skje ved loddtrekning.
Reguleringsplan: ID 2013001
Tildelingsreglar
Tomta vert tildelt etter Eidfjord kommune sine generelle reglar for tildeling av kommunal bustadtomt.
Desse reglane kan ein lese på heimesida til Eidfjord kommune; Reglar for tildeling av kommunal bustadtomt - Eidfjord kommune
Pris for tomta
Eidfjord kommunestyre fastsatt pris for denne tomta til kr. 300 000,- i kommunestyresak 22/031.
Områdeplan ID 2013001: Menes – Vik - Lægreid
Tomta er merka med BFS11 i gjeldande områdeplan. Det er høve til å byggja 1 eller 2 mannsbustad. Byggjehøgda skal tilpassast kringliggande bustadar. Byggjesøknad skal sendast til antikvariske mynde for uttale. BFS11 har utnyttingsgrad 30 % BYA, og maksimal byggjehøgde på 9 m.
Søk i planregister
Omsynssone til Eidfjord Gamle kyrkje
Eigedomen ligg som ein del av eit kulturmiljø med regional og nasjonal verdi. Eigedomen grenser til Eidfjord gamle kyrkje med omgjevnadene rundt som er eit kulturmiljø med høg regional og nasjonal verdi, beståande av kulturminne frå førhistorisk tid og nyare tid. Eidfjord gamle kyrkje (Askeladden id 84069), er datert 1210 og automatisk freda. Kyrkjegarden, som også er automatisk freda, er frå høgmellomalder. På kyrkjegarden til mellomalderkyrkja finst to steinar med bergkunst frå jernalder/bronsealder, båe sekundært plassert Askeladden id 102124). Bygningane på Lægreid og Eidfjord gamle kyrkje vert regulerte i tråd med eksisterande situasjon.
Fylkeskommunen er antikvarisk mynde for byggjesaken, og dei skriv til Eidfjord kommune:
“Fylkeskommunen, vil på bakgrunn av føresegna vurdere tiltak på eigedomen med mellom anna arkitektur/fasadar og materialval, høgde og volum, nær og fjernverknad. Det skal takast omsyn til areal, bygningar og anlegg i planområdet med eldre bygningar som ligg i og grenser til planområdet, då dei er viktige kulturminne med høg opplevings- og kunnskapsverdi. Tiltaket med fasadar og landskap mot kyrkje og det gamle kulturmiljøet skal vurderast særleg.”
Samt dei rår at nye tiltak på eigedomen ikkje redusere den historiske samanhengen i kulturmiljøet.
Tidligare fjellrettar
Tidligare var det knytt fjellrettar til gbnr 5/96. Desse fjellrettane er etter vedtak i kommunestyret, tinglyst over på den andre ideelle eigar av halvparten i steinbua på Gamle Sandhaug, og naustretten er slette frå gbnr 5/96. Det vil sei at noverande gbnr 5/96 ikkje har fjellrettar knytt til eigedomen.
Søk på tomta
Søknad på kommunal bustad tomt gjer du elektronisk via søknadsskjema på heimesida
Send inn søknad - Eidfjord kommune Arkivsaknr 23/1597
Frist for å søkje er satt til 14 januar 2024. Er det fleire søkjarar til tomta ved søknadsfristens utløp – vil tildeling skje ved loddtrekning.
Andre kommunale bustadtomer
Eidfjord kommune 14 andre kommunale tomter ledige. Ynskjer du å lese meir og/eller søkje på ein av dei – finn du informasjon her: Ledige bustadtomter - Eidfjord kommune