Regjeringa har kome med fleire omfattande tiltak med tanke på smittevern som gjeld frå 4. januar til og med 18 januar.
Det vert nasjonal skjenkestopp, og reglar for kor mange som kan vera med på ulike arrangement. Dei tilrår òg å unngå besøk, fritidsaktivitetar som skjer innandørs og reiser som ikkje er naudsynte.
Nye koronatiltak frå 4. januar
Skule, barnehage og kulturskule
- Ungdomsskulen går til raudt nivå, men elevane møter på skulen
- Barnehage og barneskulen går som vanleg
- Oppstart Kulturskulen vert utsett ei veke for alle
Fritidsaktivitetar
- Bassenget vert stengt for offentleg bading fram til 18. januar
- Styrkerommet vert stengt fram til og med 18. januar
- Idrettshallen vert stengt fram til og med 18. januar
- Det vert ikkje kino fram til og med18. januar
Elles
- Julebukk tysdag 5. januar vert ikkje noko av
- Fritidsklubben utgår inn til vidare
- Fritidsaktivitetane på Sæbø skule går ut
- Bygdaheimen stengt for ordinært besøk
Publisert03.01.2021 20.55
Sist endra08.01.2021 08.30