Nytt smittetilfelle i Eidfjord

Nytt smittetilfelle i Eidfjord

Det har i løpet av dagen kome eitt nytt smittetilfelle i Eidfjord kommune som er tilkytta Lægreid skule.  

Det har vorte utført smittesporing, og planlagt testing med dette som bakgrunn. Me har delt ut hurtigtestar der det er aktuelt. 

Kommunen har eit avgrensa antal hurtigtestar og har ikkje høve til å dela ut til andre enn dei som er kontakta.

Andre som har symptom må ta kontakt med legekontoret i morgon for å få utlevert hurtigtest.

Eidfjord kommune oppmodar alle om å ha godt smittevern

  • hald avstand
  • ha god hoste- og handhygiene
  • hald deg heima ved sjukdom

Det er mange nasjonale råd, anbefalingar og retningsliner som gjeld. Eidfjord kommune fylgjer desse, du finn alle reglane på koronasidene til regjeringa.