Oppdatering om korona i Eidfjord 04.05.2021 

Oppdatering om korona i Eidfjord 04.05.2021 

Det er ikkje nye positive prøvesvar utover dei tre me tidlegare har meldt om. Me har god oversikt over situasjonen på noverande tidspunkt, og mistenker framleis ikkje villsmitte i kommunen.  

Testar

Me gjennomfører koronatestar dagleg, som oppfølging av smittesporinga. Det vert omfattande testing framover så lenge me vurderar at det er behov for dette.  

Symptom

Me minnar om at alle må følgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksam på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heima og tek kontakt med doktarkontoret for å avklara eventuelt behov for testing. 

Nasjonale føringar

Eidfjord kommune følgjer framleis nasjonale råd og føringar og har ikkje innført lokale restriksjonar utover at Eidfjord bygdaheim er stengt for besøkjande. Likevel er det viktig at alle er bevist på dei nærkontaktar me skapar og held dette på eit lågast mogleg nivå.

Nasjonale føringar

Spørsmål om karantene