Påvist smitte på Lægreid Skule

Påvist smitte på Lægreid Skule

Det vart påvist  2 smittetilfelle i Eidfjord kommune, fredag 7 januar. Den eine smitta er elev ved Lægreid skule. Det er sett i verk nødvendig smittesporing og planlagte tiltak ut frå dette. 

Eidfjord kommune og Lægreid skule oppmodar alle om å ha godt smittevern, halda avstand, ha god hoste- og handhygiene og halda seg heime ved sjukdom.

Det er mange nasjonale råd, anbefalingar og retningsliner som gjeld. Heimesida til Eidfjord kommune er oppdatert med korona informasjon og nyttige lenker til FHI.

Ber om at føresette på Lægreid skule held seg oppdatert på kommunen si heimeside og sjekkar Visma meldingar frå skulen.

Einingsleiar helse - og omsorg - Karin Flatabø Thrane
Rektor - Anne Istad