Plastaksjon

Plastaksjon

Onsdag 10. april hadde Lægreid skule ein plastaksjon. Alle elevane og dei tilsette var delt i grupper og plukka plast frå kl. 9.00 til 10.30.

Bak aksjonen stod ein engasjert 9. klasse. Dei har arbeidd med forsøpling og forureining som tema i samfunnsfag. I tillegg til å laga podcast om forsøpling, valde dei å avslutta emnet med ein plastaksjon.

Aksjonskomiteen har i tillegg til å arrangera plastryddinga, hatt foredrag for yngre elevar, distribuert informasjonsplakatar, laga filmar og oppretta @eidfjord_plastaksjon på Instagram.

På Instagram skriv dei at dei vil at ein skal bruka mindre eingongsplast, redusera plastforbruk generelt og resirkulera meir. Dei oppmodar folk til å plukka plast dei finn i naturen og gjerne legga det ut på Instagram med #me_reddar_fisken.

 

 

Appell før ryddinga

Hei og velkomen til plastaksjonen me i 9. klasse arrangerer. Me er takksame for at de alle er med her i dag for å gjera Eidfjord reinare og for å redda dyreliv. Målet i dag er å plukka så mykje plast som mogeleg og få sortert plasten på rett måte. Det er viktig for å redda fiskane og dyra i havet og for å få eit reint nærmiljø. Som de alle veit er ikkje plast bra for miljøet, og det verste er at noko av plasten aldri vil forsvinna medan annan plast tar hundrevis av år å bryta ned. Det vert berre til bitte små usynlege plastbitar – altså mikroplast. Når dyra får i seg plast, kan dei verta alvorleg sjuke, og i verste fall døy. Me kan og få plast i oss gjennom maten vår. Visste de at det kjem 15 tonn plast i havet kvart minutt? Det er like mykje som ein buss utan passasjerar. Det tar 450 år å bryta ned ei plastflaske. Eit fiskesnøre tar 600 år og ei bleie tar det 450 år å bryta ned! I dag vil me at me skal gjera Eidfjord til ein rein og fin plass!