Regionale smitteverntiltak i fleire kommunar i Vestland

Regionale smitteverntiltak i fleire kommunar i Vestland

Regjeringa innfører regionale tiltak for fleire kommunar i Vestland som ligg i føretaksaksområdet til Helse Bergen. Tiltaka gjeld frå fredag 3. desember kl 21.00 og inntil vidare.
Eidfjord er ikkje blant desse tiltakskommunane, men smittesituasjonen vert følgd tett. 

Tiltaka gjeld i følgjande kommunar:
Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Modalen, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.

I tilrådinga omfattar følgjande tiltak:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halda avstand minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikta til å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruka munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av uka.
  • Antallsbegrensninger for private arrangement innadørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsla gjester om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstadar og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstadar med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vera 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Andre kommunar i føretaksområdet vert oppmoda om å følgja tett opp smittesituasjonen i eigen kommune, og kontinuerleg vurdera trongen for forsterka tilrådingar og tiltak.
Det gjeld følgjande kommunar: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden og Ulvik.

Tiltaka som vert innført er dei same som er innført i Oslo kommune, og fleire kommunar i Viken og Innlandet fylke torsdag 2. desember

Pressemelding frå regjeringa.no