Rein Hardangerfjord

Rein Hardangerfjord

I samband med Rein Hardangerfjord var det dugnadsarbeid for å samla plast langs strendene i Eidfjord.

Elevane frå skulen, førskuleelevane frå barnehagen, saman med ivrige dugnadsfolk og kommunen, samla rundt 80 sekkar med søppel i går, 15. september, her i Eidfjord. Humøret og innsatsen vart på topp! Store områder vart rydda langs heile strandkanten, men det er framleis meir søppel å plukka.

Om du kjenner på dugnadsånda i helga, så er det berre å koma seg ut og plukke søppel. Containeren til avfallet står på Statkraft-kaien til måndag.

Her kan du sjå ein liten biletkarusell frå dugnaden.