Store nedbørsmengder
Det er venta store nedbørsmengde frå i dag og utover veka. Det gjer at frå torsdag er kommunar i indre delar av Vestland omfatta av eit oransje varsel om jordskred og flaumskred. I varselet heiter det at det er venta skred, særleg i brattare skråningar, og bekkar og elveløp er spesielt utsett.
Gode råd
Rådet er å halda seg oppdatert om utviklinga, og halda seg unna bratte skråningar. Det er også viktig at stikkrenner, kummar og andre vassvegar mest mogleg frie for grus, lauv, kvistar og anna.
Info
Du finn oppdatert informasjon om situasjonen på varsom.no
Eidfjord kommune fylgjer situasjonen, og gjer nødvendige tiltak om det vert nødvendig.