Statsforvaltaren i Vestland tilrår regional koronaforskriftStatsforvaltaren har etter møte med kommunane og helseføretaka i bergensområdet, i dag 03.12.21, sendt tilråding om forskrift til Helsedirektoratet for vidare vurdering. Publisert03.12.2021 11.44 Sist endra03.12.2021 11.54 Tilrådinga frå Statsforvaltaren gjeld i følgjande kommunar: Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Modalen, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden. I tilrådinga omfattar følgjande tiltak: Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand innandørs i det offentlege rom og/eller på kollektivtransport. Påbod om at arbeidsgjevar syter for at tilsette i størst mogleg grad kan uføre arbeid utan auka risiko for smitte på arbeidsplassen, eller ved reiser med kollektivtransport til og frå arbeidsplassen. Avgrensingar i talet deltakarar på private arrangement. Plikt for serveringsstadar og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering. Plikt til karantene fram til negativt prøvesvar på første test føreligg (ikkje berre ei tilråding som no) òg for born i skulealder som er husstandsmedlemer og tilsvarande nære til personar med påvist covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus. Andre kommunar i føretaksområdet vert oppmoda om å følgje tett opp smittesituasjonen i eigen kommune, og kontinuerleg vurdere trongen for forsterka tilrådingar og tiltak. Det gjelde følgjande kommunar: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden og Ulvik. Det er venta at Helsedepartementet skal ta stilling til forskrifta iløpet av 3.12.21 (utklipp frå artikkelen om tilrådinga hjå Statsvorvaltaren i Vestland) Les heile artikkelen om tilrådinga hjå Statsforvaltaren i Vestland