TV-aksjonen 2020

TV-aksjonen 2020

Me er i eit år som krev andre løysingar. Det er ein dugnad som pregar verda no, og denne tek TV-aksjonen sjølvsagt del i. Me har dermed bestemt at årets TV-aksjon blir med digitale bøsseberarar, og ikkje fysiske som går dør-til-dør slik me er vande til. TV-aksjonen går av stabelen 18. oktober 2020.

Digital bøsse for Eidfjord - (Spleis.no)

Eit hav av moglegheit – TV-aksjonen 2020

Havet er fantastisk. Det er lungene til jorda, og det har gjeve liv til alt levande på planeten vår. Men no er havet truga. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet, kvart einaste år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Med konkrete tiltak der problema er størst skal årets TV-aksjon ta plastproblemet ved rota. Saman skal me redusera plastutsleppa og ta vare på verdshava.

«Plast som hamnar i havet blir ikkje brote ned. Han deler seg opp og blir til mikroplast. Dyre- og fiskelivet får dermed plast i systema sine. Som konsekvens av dette får me i oss plast gjennom maten me et og lufta me pustar inn. Gjennomsnittleg fem gram i veka – tilsvarande vekta av eit kredittkort», seier fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Vestland, Marthe Jansen.

WWF

TV-aksjonen 2020 er tildelt WWF, og er øyremerka arbeidet dei gjer for å hindra at plast hamnar i verdshava. Midlane skal mellom anna gå til å etablera og betra avfallssystem, samla inn og resirkulera søppel, kutta bruken av unødvendig plast og gje ei opplæring til elevar og lærarar om konsekvensen av plast for helse og miljø.

Digitale bøsser

Ønskjer du som privatperson, lag og foreiningar å bli digital bøsseberar kan du melda deg på. Når registreringa er fullført, vil du automatisk få ei ferdiglaga Spleis som er di digitale bøsse. Denne kan du gjera meir personleg ved å endra namn og bilete om du ønskjer.

Frå 5.oktober blir bøssene aktive, og den digitale bøsseberaren deler bøssa si i nettverka sine, anten via sosiale medium, eller sender ein sms eller epost til kjente og kjære med oppmoding om å gje på bøssa. Les meir om digitale bøsseberarar

Registrer deg

Digital bøsseberar

Digital bøsse for Eidfjord - (Spleis.no)

Alle er invitert

Som tidlegare år ønskjer TV-aksjonen å invitera alle i Noreg med på aksjonen. «Kommunar i heile Vestland er også i år med å bidra til at TV-aksjonen blir ein suksess. Det er engasjementet og arbeidet som blir gjort i kvar enkelt kommune som gjer at TV-aksjonen når fram til alle krinkel og krokar av fylket vårt. Denne frivillegheita er me like avhengig av i år som tidlegare år. Dette er nøkkelen til at TV-aksjonen er ein suksess», seier Jansen.

Grunnskulen

I samarbeid med Salaby har TV-aksjonen skapt eit eige undervisningsopplegg for grunnskulen - tilpassa læreplanen. Det er opp til kvar enkelt om ein vil bruka ein skuletime eller ei skuleveka på opplegget.

Næringslivet

Næringslivet har også god tradisjon i å engasjera seg for TV-aksjonen. I 2019 samla næringslivet i Noreg inn om lag 32.5 millionar kroner til TV-aksjonen - fordelt på 5700 bidrag. Dei fleste av desse bidraga kjem inn via lokale ringedugnadar.

Lag og organisasjonar

Lag, organisasjonar, idrett og trussamfunn er alle velkomne til å bidra til TV-aksjonen.

Engasjer deg!

Lægreid skule - Eit hav av mogelegheiter

Kontakt

Anders Vatle
Ordførar
E-post
Telefon 53 67 35 10
Mobil 952 31 697