Viktig informasjon om stenging av matrikkel og grunnbok

Viktig informasjon om stenging av matrikkel og grunnbok

I samband med gjennomføringa av kommune- og regionsreforma, vert matrikkelen og grunnboka stengt i periodar i desember 2019.

Matrikkelen og grunnboka vert stengt for all oppdatering i alle landets kommunar i tidsromma:

Matrikkelen: 13.12.19 kl. 18:00 - 01.01.20 kl. 24:00 (totalt 9 virkedagar).

Grunnboka: 27.12.19 kl. 20:00 - 01.01.20 kl. 24:00 (totalt 1 virkedag).

For å redusera risikoen og sikra kvaliteten på gjennomføringa, oppmodar Kartverket at kommunane i størst mogleg grad behandlar ferdig alle saker som skal sendast for tinglysing innan 29. november.

Særleg om føring av konsesjonsopplysningar

Stenginga av matrikkelen innebærer også at konsesjonsmodulen vert stengt for registrering av konsesjonsvedtak og eigenfråsegner om konsesjonsfritak. Alle eigenfråsegnsskjema som kommunen har fått inn og stadfesta tidlegare, og alle konsesjonsvedtak som er gjort må vera registrert i konsesjonsmodulen innan fredag 13. desember kl. 18:00.

Kommunen må organisera arbeidet med eigenfråsegner som kommunen får inn og konsesjonsvedtak som blir gjort i tidsrommet 13.12.2019 - 01.01.2020. Kontakt kommunen for rettleiing i denne prosessen.