Kommunestruktur i indre Hardanger

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon Illustrasjon

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 26.06.2015

Prosessen i Eidfjord

Stortinget har vedteke ei kommunereform og  pålagt alle kommunar å gjennomføra ein prosess for å vurdera og diskutera samanslåing med nabokommunane.Dei fleste kommunar i Noreg snakkar i desse dagar med naboane sine med tanke på eventuelle kommunesamanslåingar. 
 

I Hardanger er det fleire utgreiingsarbeid på gang, ingen av dei er med tanke på ein felles hardangerkommune som vart foreslått i starten av prosessen, men det er fleire moglege alternativ. For dei indre kommunane er det likevel eit felles ynskje om å utgreia moglegheitene for samanslåing av Eidfjord, Ullensvang, Ulvik og Granvin.
 

Det er sett i gang eit arbeid som har som mål å vera eit godt grunnlag for politiske vedtak om kommunesamanslåing innan vinteren/våren 2016.
 

Ordførarane i dei fire kommunane skal  denne perioden arbeida fram utkast til ein intensjonsplan, og rådmennene skal utarbeida ein administrativ utgreiing.  

Kommunereform utgreiing (PDF, 8 MB)

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering