Publisert 21.12.2016

Legevakt skal sikra øyeblikkeleg legehjelp, ved akutt sjukdom eller skade, utanom fast opningstid på legekontoret.

Publisert 15.11.2012

Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verna om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak har bruk av motorkøyretøy til offentleg godtekne nytteformål (som for eksempel til redningsteneste, utmarksnæring og faste bustader) direkte heimel i lova, mens for ferdsel til andre formål må du ha løyve frå kommunen. Merk at det ikkje er høve til å gje løyve til turkøyring.

For transportmål og der transport kjem innanfor Hardangervidda nasjonalpark sin grenser, skal det føreliggja løyve til transport etter vernereglane.

Publisert 12.07.2011
Publisert 16.03.2011

Born frå 0-5 år og deira foreldre, får tilbod om helseteneste gjennom helsestasjonen, ved målretta helseundersøkingar, vaksinasjon, foreldre rettleiing og helseopplysning.

Publisert 10.03.2011

Psykiatri tenesta skal gjer støtte til personar som har psykiske vanskar og som treng oppfølging i kvardagen.

Publisert 10.03.2011

Legetenesta skal gje nødvendig helsehjelp til alle som oppheld seg i kommunen.

Publisert 09.03.2011

Lægreid skule gjev undervisning til born og unge iht lover og reglar, og i samarbeid og forståing med heimen.

Ved eventuell heimeundervisning har kommunen tilsynsplikt.

Publisert 25.02.2011

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, må du ta ein teoretisk eksamen som blir halden av kommunen.

Publisert 25.02.2011

Retten til å jakta tilhøyrar i utgangspunktet grunneigaren. Kommunen tildeler fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og bever til godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vera) utan årleg søknad. Villreinnemnda tildeler fellingsløyve for villrein. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravt fellingsløyve.

Publisert 25.02.2011

Du har rett til å uttale deg i saker som gjeld kommunal planlegging. Kommunen skal arbeide for å få størst mogleg offentlegheit og reell medverknad i planarbeidet.

Publisert 23.02.2011

Eining for areal og miljø tilbyr tenester innan fagområdet kart, oppmåling og matrikkelføring. Me tilbyr desse tenestene både i Eidfjord kommune og i Ullensvang herad.

Publisert 22.02.2011
Pleie/omsorg/sosial

Heimesjukepleie vert ytt i eigen heim til dei som har akutt eller kronisk sjukdom/funksjonshemming, - førebygging, opplæring, behandling, rehabilitering og lindrande behandling ved livets slutt. Heimesjukepleie byggjer på eit gjensidig tillitsforhold og me arbeider for å skapa eit godt samarbeid basert på tillit, respekt og tryggheit.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering