Annonse i avisene

Annonse i avisene

Heimesida til kommunen har til ei kvar tid oppdatert om koronasituasjonen. Her finn du siste råd, rutinar og lokal informasjon.

Informasjon 

Situasjonen endrar seg raskt dag for dag så den sikraste kjelda til informasjon er helsenorge.no eller folkehelseinstituttet (FHI) sine sider. Finn du ikkje svar på nettsidene kan du ringa FHI sin informasjonstelefon 815 55 015 kvar dag kl. 08:00-15:00. Me oppfordrar alle om å ikkje belasta vakttelefonar og legevakt med generelle spørsmål.  

Legekontor – legevakt 

Dersom du trur du er smitta, ring fastelegen din. Legevakt har telefon 116 117. Legekontoret har strenge rutinar i desse dagar, ta kontakt i forkant dersom du treng legehjelp. Ikke møt opp på legekontoret dersom du har forkjølelsesymptom, ring og snakk med legekontoret fyrst.  

Koronasjekk 

På koronasjekk.no kan du sjølv setja inn opplysingar om deg sjølv, og få svar på om du bør testast eller skal i karantene.  

NAV 

Treng du tenester frå NAV, sjå nav.no eller ring kontaktsenteret (ope mellom 08:00-15:30) 

 
Har du behov for nødhjelp, ta kontakt på telefon 479 05 687 mellom klokka 10 – 12 mån-tors.  
Papir som skal leverast til NAV, kan leggjast i postkasse ute ved inngangsdøra på Eidfjord kommunehus og merkast med «NAV» 

Næring 

Kommunen fylgjer dei statlegeg tiltakspakkane som er under utarbeiding for næringslivet. Det er førebels ikkje vurdert lokale, særskilde tiltak. Ta eventuellt kontakt med banken din angåande utfordringar med likviditet ol.  

Eidfjord kommune oppfordrar alle til å handla lokalt og støtta lokalt næringsliv både no og i tida framover.  

Registrering av helsepersonell 

Me ynskjer å laga eit register over alle innbyggjarar som har helsefagleg utdanning eller erfaring og som kan vera med og hjelpa til dersom det vert behov. Registrer deg via vårt digitale skjema som du finn på heimesida. Me tek kontakt med deg dersom me kjem i ein situasjon der me manglar personell.

Hjelpa andre, eller få hjelp

Vil du hjelpa eller treng hjelp? 

Har du lyst å gjera ein frivillig innsats med å hjelpa andre innbyggjarar med handling, ærend eller anna eller treng du hjelp sjølv, kan du registrera deg i vårt digitale skjema på heimesida. Dersom du treng hjelp til å registringa kan du ringa kommunen 53 67 35 00. Me lager ei oversikt og set dykk i kontakt med kvarandre.  

Ferdsel i fjellet 

For ikkje å skapa unødvendig press på helse og redningstenester oppfordrar me alle som ferdast i fjellet om å vera ekstra forsiktig i denne tida.  

  • Ta ekstra hensyn til vær- og føremeldingar 
  • Oppretthald smittevernrutinar også i fjellet 
  • Hald minst 1 meter avstand utandørs, innandørs minst 2 meter 
  • Ikkje samle mange folk på ein stad, t.d i skiløyper 
  • Hald deg oppdatert via radio/media dersom myndighetene innfører nye rutinar 
  • Ikkje set deg sjølv eller andre i fare elle auka risiko 
  • Vent med risikofyllt arbeid til koronakrisa er over 

Hugs 

God handhygiene. Hald avstand og unngå folkemengder. Ver mest mogeleg heima, men syt for å få frisk luft og aktivitet kvar dag. Ta gjerne kontakt på telefon eller via nettet med dei du veit sit åleine.  

Eidfjord kommune ynskjer elles alle ei smittefri tid, ta vare på kvarandre!