For tilsette i kommunen

For tilsette i kommunen

Som tilsett i kommunen kan det vera mange spørsmål ein har vedrørane sitt arbeidstilhøve og alle endringar som skjer om dagen i høve koronasituasjonen. Eidfjord kommune har freista å laga ei oversikt over aktuell informasjon for kommunalt tilsette. 

Tiltak for å redusera smitterisiko for tilsette

Rettigheiter og plikter

  • Oversikt over alle nasjonale tiltak retta mot arbeidslivet
  • Tilsette som vert sett i karantene av lege skal ha sjukemelding. Ulike oppgåver kan utførast som ved annan sjukemelding. Lønn vert oppretthalden og når myndigheitene har pålagt karantene. Personar i sjølvpålagt karantene har ingen lønnsretigheite (ugyldig fråvær)
  • Reglar knytta til permitteringar for både arbeidsgjevar og arbeidstakar (NAV)
  • Informasjon og råd for tilsette som vert permittert (NAV)
  • Tilsette som reiser til utlandet etter 12. mars og bevisst pådreg seg 14 dagars karantene får ikkje dekka lønn i karanteneperioden (konsekvensen er kjend på førehand og arbeidstakar kan ikkje utføra arbeidsplikat si etter arbeidsavtalen)
  • Du kan bruka omsorgspengar dersom barnehagen eller skulen vert stengt grunna koronaviruset
  • Tal omsorgsdagar vert dobla ut 2020, arbeidsgjevar betaler berre for dei fyrste 3 dagane
  • Arbeidsgjevar kan godta eigenmelding opptil 16 dagar utan sjukemelding. Merk at den tilsette sjølv må opplysa til arbeidsgjevar om det er korona-relatert eller ikkje
     

    Arbeidstakars rettar og plikter