Forbod mot overnatting på fritidseigedomar i Eidfjord kommune

Forbod mot overnatting på fritidseigedomar i Eidfjord kommune

Statlege mynde har i eiga forskrift vedteke forbod mot overnatting på fritidseigedom utanfor eigen heimkommune.

Lovleg opphald

Det er tillate å opphalde seg på fritidseigedomen på dagtid mellom anna for å utføre «strengt nødvendig vedlikehold, eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader». 

Kommunen har ikkje mynde til å gje dispensasjon frå dette forbodet. Dei aller fleste henvendingar kommunen har motteke til no om å få utføra vedlikehald og tilsyn, ville ikkje ha kvalifisert for å få dispensasjon frå dette strenge kravet.  

Tilsyn

Eidfjord kommune har ikkje kapasitet til å føra tilsyn med fritidseigedomar. Me gjer dykk difor merksam på at det fins private verksemder i kommunen som tilbyr slike tenester. Ved behov for tilsyn tilrår me at du tek kontakt med eit slikt firma. 

Opphald med karantene

Det er i tillegg opna for at familiemedlemmar til personar med koronasmitte kan opphalda seg i karantene på fritidseiegedom. Også dette kravet er strengt, og vil berre gjelda eit særs avgrensa antal personar. Sjukdommen (COVID-19) må vera påvist, og dei som er i karantene må kunna dokumentera at dei er smittefrie. 

Situasjonen til Eidfjord

Eidfjord kommune har over 1000 fritidseigedomar. Me har eit helsevesen som i ein normalsituasjon er dimensjonert for 900 innbyggjarar. Mange av våre tilsette i helsetenesta er i karantene, og tenesta er difor allereie sterkt pressa. Det seier seg difor sjølv at tenesta fort vil kunne bryta saman og ikkje vera i stand til å yta forsvarleg helsehjelp til alle dersom me får fleire «innbyggjarar». 

Me håpar på di forståing for vår situasjon, og oppmodar deg på det sterkaste å fylgja sentrale mynde sitt forbod mot overnatting på fritidseigedomen så lenge denne koronakrisa varer.

Me ynskjer sjølvsagt alle velkommen tilbake når alt normaliserer seg igjen. 

Fokus må no vera at me alle tek vare på kvarandre, at me unngår ytterlegare spreiing av viruset, og at me ikkje utset oss sjølv, eller andre, for unødvendig risiko for smitte.