Har du ei samfunnskritisk stilling og behov for barnehage/SFO plass?

Har du ei samfunnskritisk stilling og behov for barnehage/SFO plass?

Dette tilbodet vert primært ytt til familiar der alle tilgjengelege omsorgspersonar har samfunnskritiske funksjonar – og anna barnepass difor ikkje er mogleg.

Viktig informasjon til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar

Er du tilsett i helse- og omsorgstenesta, innan kraftforsyning eller andre kritiske samfunnsfunksjonar, og har behov for barnepass til barnehageborn, eller born i småskulen? Så langt det er mogleg må du prøva å finna ei løysing for at barnet kan vera heime.

Dersom familien er i ein slik situasjon at dette ikkje let seg løysa, må du melda dette til eigen arbeidsgjevar. Det er arbeidsgjevar som melder frå til kommunen om omsorgsbehov.

Skule - arbeidsgjevar sender e-post til rektor;
anne.istad@eidfjord.kommune.no

Barnehage - arbeidsgjevar sender e-post til styrar;
aina.nass@eidfjord.kommune.no 

Eidfjord kommune
16.03.2020, oppdaterte e-post adresser 18.03.20