Ikkje reis på hytta

Ikkje reis på hytta

Me ber om at du ikkje reiser på hytta i Eidfjord kommune. 

13.03.2020 kl. 12:25

Desse restriksjonane gjeld for alle hyttekommunar og større vinterdestinasjonar med svært begrensa helseteneste.

Me viser elles til at Helsedirektoratet rår frå fritidsreiser innanlands.

Eidfjord er ein liten kommune med litt over 900 innbyggjarar, men med ca 1000 hytter i kommunen. Tiltaket er sett i gong for å hindra vidare smittespreiing nasjonalt og internasjonalt.

Me vil ikkje at folk nyttar fritidshusværa sine i denne perioden, men held seg heime der dei bur og har sine helsetenester. Me vil òg unngå tilreisande med mogeleg smitte til kommunen.

Me oppfordrar på det sterkaste at alle held seg heima, og unngår så mykje kontakt som naudsynt. Det er viktig at ingen utsett seg sjølv eller andre for unødig risiko og fare.

Me ber òg publikum leggja merke til at Luftambulansen har gått ut 12.03.2020 og sagt at dei ikkje ynskjer å henta pasientar med corona-smitte.