Info til føresette Lægreid skule (11.05.20)

Info til føresette Lægreid skule (11.05.20)

Måndag nærmar seg, og vi er klar for å ta imot elevane att.

Info

På fredag fekk de mykje informasjon om smitteverntiltaka me har gjort, og her kjem litt om korleis me organiserer skuledagane framover.

Til føresette 1. - 10. klasse

Rettleiar om smittevern

Det er publisert nasjonal rettleiar for grunnskulen: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/

Her kan de lese om kva retningslinjer skule og SFO har for smittevern ved oppstart og gjennomføring av skulekvardagen framover. Smittevernstiltaka omhandlar m.a. hygiene, personkontakt og reinhald, og involverer både elevar, føresette og tilsette. Me har god dialog med kommuneoverlege om smittevern, og me skal kunne ta imot borna på ein trygg og forsvarleg måte både i skule og SFO. Me har jamlege personalmøte med dei tilsette.

Spørsmål

Nokon sit sikkert med bekymringar eller spørsmål når det gjeld gjenopninga, og det er heilt naturleg. Me håpar at gjennom informasjonen me sender ut dei neste dagane, til liks med informasjon på Eidfjord kommune si heimeside og Utdanningsdirektoratet sin rettleiar, kan vera oppklarande.

Oppstart skule

 

Det er viktig at alle held seg oppdatert på informasjon som kjem frå skulen i Visma Flyt Skole. Det vert også oppdatert på heimesida på kommunen si heimeside.

Kontakt

Anne Istad
Rektor
E-post
Telefon 53 67 36 22
Mobil 977 82 614

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00