Informasjon frå Eidfjord legekontor

Informasjon frå Eidfjord legekontor

I samband med covid –19 pandemien har helseavdelinga skjerpa rutinane.

På grunn av forsterka smittevernsrutinar må me omorganisera kontoret og ynskjer å opplysa om følgjande tiltak framover.  

  • Alle pasientar må avklarast på førehand i forhold til symptom på akutt luftvegsinfeksjon, feber, hoste eller tungpustheit. Har du time fram i tid, og får symptom, må du ta kontakt før timen 
  • Me ynskjer å tilstreba korte konsultasjonar, max 15 minutt, og kun ei problemstilling pr konsultasjon. Møt opp i reine enkle kle, og legg att ringar og klokke heima. Det gjer at ein eventuell undersøking går raskare.
  • Om problemstillingar kan løysast pr telefon bør det tilstrebast 
  •  Ikkje møt tidligare enn 5 minutt før timen. Lege eller sykepleiar henter deg ved inngangsdøra, om det er forsinkingar, vil me be dykk vente utanfør døra, eller i bilen. 
  • Venterommet er organisert slik at det er 2 meter avstand mellom stolane, hald avstand til kvarandre, eventuelt vent utanfor, me tilstreb max 3 personar på venterommet samtidig
  • Ta på minst mogleg av dørhandtak, desinfiser hender når du kjem, og når du går.