Informasjon frå helsestasjonen

Informasjon frå helsestasjonen

I samband med covid –19 pandemien har helseavdelinga skjerpa rutinane. 

På grunn av forsterka smittevernsrutinar må me omorganisera kontoret, og ynskjer å opplysa om følgjande tiltak framover.  

  • Alle som har time hjå helsesjukepleiar må avklarast på førehand i forhold til symptom på akutt luftvegsinfeksjon, feber, hoste eller tungpustheit. Har du time fram i tid, og får symptom, må du ta kontakt før timen 
  • Helsesjukepleiar ynskjer å tilstreba korte konsultasjonar, helst 30 minutt, og me ser helst at syskjen ikkje er med. 
  • Helsestastasjonen er flytta til eige kontor, oppmøte utanfor hoveddøra til kommunehuset. Der er det ikkje venterom, så me ynskjer at de ventar utanfor 
  • Ikkje møt tidligare enn 5 minutt før timen, helsesjukepleiar hentar deg ved inngangsdøra, om det er forseinkingar, vil me be dykk venta utanfor døra, eller i bilen 
  • Ta på minst mogleg av dørhandtak, desinfiser hender når du kjem, og når du går.