Informasjon frå Ordføraren om Covid-19

Informasjon frå Ordføraren om Covid-19

SFO har no starta opp att, og me nærmarar oss nytt barnehage- og skuleår. Mange av oss eidfjordringar har vore på ferie i eige land og endå fleire har besøkt oss i Eidfjord i sommar. Det er veldig kjekt å høyra at ein del av turistverksemdene melder om gode og særs gode besøk, spesielt i juli.

Ikkje smitte i Eidfjord

Det har til no ikkje vore registrert positiv smitte frå nokon fastbuande i Eidfjord. Likevel må me gå ut frå at det har vore smitta på gjennomreis/besøk i Eidfjord i sommar. Alle verksemder som tek i mot kundar og besøkande har gjort eit godt arbeid med å førebu seg. At me ikkje har hatt dokumenterte tilfelle i Eidfjord fortel meg at me har gjort mykje rett. 

Eidfjordingar på ferie

Mange av oss eidfjordingar har som sagt vore ute og reist, og eg reknar med at dei fleste av desse reisene har vore i eige land. Når me no kjem att frå ferie og startar opp att på arbeid og i SFO, barnehage og skule, må me vera ekstra merksame på Covid-19. Ved den minste mistanke, eller symtom, er mitt innstendige ynskje at de tek kontakt med doktarkontoret for å avklare om de skal ta ein covid-19 test.

Me er avhengige av å få avdekka smitte raskt om det skulle oppstå, slik at me kan avgrensa spreiinga. Dette er spesielt viktig for sjukeheimen, men òg for skule og barnehagen slik at me klarar å halda ei så normal drift som mogleg. Det er ikkje noko skamfult å verta smitta, du kan verta det sjølv om du sjølv har gjort alt rett. 

Turistar

Me har no byrja å sjå ein del turistar frå andre europeiske land. Generelt har mange av desse landa ein noko høgare smittegrad enn Noreg. Det er ein vanskeleg balansegang mellom smitte og reiseaktivitet. I Eidfjord har me lagt oss på å følgja dei nasjonale retningslinene, utan lokale tilpassingar i sommar. 

Cruise

Det har vore snakk om at cruispassasjerar kjem i land i løpet av hausten. Når dei kjem veit me ikkje. I praksis alle nye cruise er sett på vent som følgje av utbrotet om bord på eit cruise til Svalbard. Det som er sikkert er at dei vil ikkje koma attende før dei klarar å oppfylle dei nasjonale krav og rettleiarar.

Cruisebåtane vil heller ikkje koma til Eidfjord, eller sleppa folk i land, før me har eit system for å handsama dei på land, som er i tråd med både nasjonale og lokale krav. 

Framover

Me vil truleg oppleva litt mindre folk i Eidfjord og Hardanger no, men me må framleis halda høgt fokus. Både næringsdrivande, og oss andre, kan ikkje sleppe opp på tiltaka endå. Me har alle eit felles ansvar for å fylgja dei råd som gjeld. Covid-19 har krevd mykje av oss til no, og vil kreva mykje av oss framover. Me kjem til å koma oss gjennom dette saman. 

Anders Vatle
Ordførar