Informasjon frå skule og barnehage

Informasjon frå skule og barnehage

Modnen barnehage og Lægreid skule er stengd etter normal stengetid torsdag ettermiddag den 12.mars 2020 og inntil vidare, jf. statleg vedtak. 

13.03.20 kl 12:45

Tilrettelegging i barnehage og skule der begge føresette har samfunnskritisk funksjon  
Deler av barnehagen og SFO vert halden open for å sikre tilgang til helsepersonell og andre i samfunnskritiske funksjonar.  

Når det gjeld barn opp til 12 år med begge foreldre i samfunnskritisk funksjon, her under helsepersonell, brann og redning, vassforsyning, el-forsyning, m.v. og for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretas når skule og barnehage er stengt; skal føresette ta kontakt med rektor Anne Istad på Lægreid skule eller styrar i barnehagen Aina Næss.

Vi ber om at føresette dette evt. kan gjelde for, om å ta kontakt innan mandag 16.mars klokka 10.00 slik at vi kan få på plass tilbod for desse elevane   

Opplæring for elevar i perioden skulen er mellombels stengd:  
Elevane har rett til å få opplæring, og det er skuleeigar sitt ansvar å sørge for at elevane får opplæring. Vi håpar på god kommunikasjon med elevar og lærarar gjennom Office 365 Teams/OneNote, og vi strekk oss så langt som mogeleg og legg til rette for at elevar får opplæring heimefrå.   

Det er viktig at heimen fylgjer med på oppdatert informasjon via Visma Flyt Skole og Eidfjord kommune si heimeside. 

For elevar som treng bøker, klede m.m., er klasseromma ope mandag og tirsdag før klokka 11.30.  

Mvh  

Anne Istad 
Rektor Lægreid skule 

Kontakt

Anne Istad
Rektor
E-post
Telefon 53 67 36 22
Mobil 977 82 614
Aina Næss
Barnehagestyrar
E-post
Telefon 53 67 36 02
Mobil 975 93 150