Informasjon om kommunale helsetenester

Informasjon om kommunale helsetenester

På grunn av koronakrisa er det for tida svært stor belastning på helsetenesta i Eidfjord kommune. Det er ikkje sikkert at me på litt sikt har kapasitet til å oppretthalda det kommunale helsetilbodet som me har i dag.

Dei som har mest kritisk behov for helsehjelp vil få det. Dette vil bety at mange av dei som no får hjelp frå kommunen til f.eks heimesjukepleie og heimehjelp, kanskje ikkje vil få dette tilbodet lenger, eller i mykje mindre omfang. Mange vil difor ha auka behov for hjelp av pårørande i tillegg til at dei sjølv må klara seg meir på eiga hand.

Me beklagar dette, men slik situasjonen ser ut i dag ser me ingen annan løysing. Me må prioritera dei som har behov for heilt nødvendig helsehjelp. For dei i heimetenesta, som dette vil gjelda for, vil heimetenesta ta kontakt for avklaring. Me er og veldig takksame for innsatsen alle gjer i denne vanskelege situasjonen me no er i.

 

Venleg helsing

Rita Høvset

Kommuneoverlege