Informasjon til foreldre i skulen (11.05.20)

Informasjon til foreldre i skulen (11.05.20)

Før skulane vart stengde i Noreg vart det ikkje registrert noko kjent smittespreiing blant born i barnehagar og barneskular.

Samanlikna med vaksne er få born identifisert som smitta i Noreg og verda elles. Born og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for å få alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar, som til dømes influensa.

Det er trygt for born å gå på skulen

Skulane opnar no gradvis, og for å avgrensa smitte har me sett i gong fleire tiltak. I perioden framover er me ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at me alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern.

På skulen vil vi vera spesielt opptekne av å:

  • vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald
  • vaska utstyr jamleg, til dømes nettbrett
  • vera ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
  • ha undervising og samlingar i mindre grupper
  • halda god avstand til kvarandre

Me skal framleis sørgja for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen, skal følgja med på at elevane har det bra.

Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra

Ikkje møt på skulen eller SFO dersom barnet ditt har symptom på sjukdom, dette gjeld også milde symptom. Det er ekstra viktig at borna held seg heime i minst eitt døgn etter at dei har vorte symptomfrie. Dersom nokon andre heima har luftvegssymptom eller fått påvist koronaviruset, skal de ikkje følgja borna til skulen.

Dersom borna vert dårlege på skulen, tek me kontakt med foreldra. Borna må hentast eller gå heim frå skulen så fort som mogleg.

Foreldre skal helst ikkje vera med inn på skulen

  • Me prøver å ta imot borna ute og ønskjer at foreldre ikkje vert med inn på skulen eller i garderoben.
  • Handvask er like viktig heima som på skulen.
  • Vask hendene før de kjem på skulen, og med ein gong de kjem heim.
  • Borna bør helst vera saman med få andre born på fritida og då gjerne leika ute.

Skuleskyss

Dersom elevane tek skulebuss må de hugsa å halda god avstand, både mens de ventar på bussen og i bussen. Det same gjeld dersom elevane tek båt eller annan transport til skulen. Du bør ikkje bruka skuleskyss og offentleg transport dersom det er mogleg.