Informasjon til innbyggjarane i Eidfjord kommune

Informasjon til innbyggjarane i Eidfjord kommune

Eidfjord kommune tek situasjonen med Coronaviruset (Covid-19) svært alvorleg. Rådmannen har sendt ut denne meldinga.

12.03.20 kl 13:53

Me fylgjer situasjonen forløpande – og innfører fylgjande tiltak inntil vidare

Tiltak

  • Me oppmodar alle om ikkje å delta på arrangement med fleire enn 20 personar.
  • Flyreiser innanlands og utanlands vert sterkt frårådd.
  • Kommunale tilbod som Kino, Bibliotek, Ungdomsklubb, Bading m.m. vert stengt frå og med torsdag 12.mars 2020.
  • Følg med på Eidfjord kommune si heimesida og kommune-appen for å få oppdatert informasjon. I tillegg kan du halda deg oppdatert på Fhi.no.

Denne informasjonen er  utarbeidd av kommuneoverlegen (smittevernoverlegen). Situasjonen vert vurdert fortløpande. Nye tiltak kan koma.
 

Eidfjord hamn - cruise

Landet er no inne i ein situasjon med eit aukande antall coronasmitta. Dette medfører utfordringar for mange bransjar.

Eidfjord havn har i dag 12.03.2020 innført fylgjande korona-restriksjonar gjeldande for cruise anløp:

  • Passasjerar frå cruiseskip som kjem til Eidfjord hamn får ikkje komma i land i Eidfjord. Skip kan leggje til kai, men passasjerar må bli om bord.

Denne restriksjonen vil gjelde inntil videre. Eidfjord har ikkje ordinære anløp før i april, men gjeld likevel frå 12.03.2020.