Korona - kan, kan ikkje

Korona - kan, kan ikkje

Nokre tips om kva me kan gjera og ikkje kan gjera i desse dagar.

Klikk for stort bilete 

Ferdsel i fjellet

For ikkje å skapa unødvendig press på helse og redningstenester oppfordrar me alle som ferdast i fjellet om å vera ekstra forsiktig i denne tida.

  • Ta ekstra hensyn til vær- og føremeldingar 
  • Oppretthald smittevernrutinar også i fjellet 
  • Hald minst 1 meter avstand utandørs, innandørs minst 2 meter 
  • Ikkje samle mange folk på ein stad, t.d i skiløyper 
  • Hald deg oppdatert via radio/media dersom myndighetene innfører nye rutinar 
  • Ikkje set deg sjølv eller andre i fare elle auka risiko - Vent med risikofyllt arbeid til koronakrisa er over

Hugs

  • God handhygiene.
  • Hald avstand og unngå folkemengder.
  • Ver mest mogeleg heima, men syt for å få frisk luft og aktivitet kvar dag.
  • Ta gjerne kontakt på telefon eller via nettet med dei du veit sit åleine.

Eidfjord kommune ynskjer elles alle ei smittefri tid, ta vare på kvarandre!