Miljøstasjonane stengt for private

Miljøstasjonane stengt for private

Indre Hordaland Miljøverks IKS har i beredskapsmøte 16.03 vedteke at alle miljøstasjonar vert stengde for private inntil vidare. Innsamlingsrutene for hushaldningsavfall går som vanleg.

For private

Alle miljøstasjonar er frå og med 17. mars stengd for private. Dette vart vedteke på beredskapsmøte på IHM 16.03.20

IHM fylgjer Folkehelseinstituttet sine anbefalingar om å begrensa koronaviruset og Avfall Norge si oppmoding om å stenge mottak.

Alle våre miljøstasjonar er derfor stengt inntil vidare.

Husavfall

Innsamling av hushaldningsavfall går som normalt.

I ein situasjon med omfattande smittespreiing blant befolkninga er det viktigare enn nokon gong at avfallsinnsamlinga fungerer og at våre renovatører og driftspersonell held seg friske.

Hjelp oss å halde dei friske med enkle grep:

  • Vær nøye med sortering.
  • Sørg for at loket på behalder er godt att, slik at det ikkje vert restar på utsida.

Spørsmål

  • Har du spørsmål, vær venleg å ta kontakt på telefon eller pr e-post.
  • Vårt sentralbord ( 56 52 99 00 ) er åpen som vanleg dagleg  kl 0800 – 1530.
  • Vår e-post adresse:  ihm@ihm.no

For næringskundar

Miljøstasjonen på Bjørkemoen er åpen for næringskundar, men dette kan endra seg på kort varsel, om situasjonen gjer dette naudsynt.

Dei andre miljøstasjonane er heilt stengde, men dersom du er næringskunde og har behov for å verta kvitt avfall, ber me deg å ta kontakt med IHM på telefon 56 52 99 00, så skal me hjelpa deg.