Modnen barnehage

Modnen barnehage

Me ynskjer gamle og nye barn velkomen til eit nytt barnehageår. Denne hausten startar me opp med 47 barn.

Reinhald

Me vil minna om at barnehagen driv etter gult nivå når det gjeld smitteverntiltak i samband med Covid-19. Det vil seia framleis forsterka reinhald. Me har stort fokus på handhygiene i barnehagen.

Kohort

Etter kvart som me får fulle barnegrupper att, vil kvar avdeling telja som ein kohort. Det vil seia at så lenge me er på gult nivå vil me ha minst mogleg samrbeid på tvers av avdelingane, og ute vil me framleis dela leikeplassen i sonar.

I barnehagen

Me  ber om at alle som kjem innom barnehagen tek omsyn til smitteverntiltaka; god handhygiene, unngår klemming og helsing, unngå trengsel – hald 1 meters avstand.

Planleggingsdagar

Barnehagen har planleggingingsdagar torsdag 13 og fredag 14 august.