Pressemelding frå Eidfjord kommune

Pressemelding frå Eidfjord kommune

Eidfjord kommune tek situasjonen med Coronaviruset (Covid-19) svært alvorleg. Me fylgjer situasjonen forløpande – og innfører fylgjande tiltak inntil vidare

12.03.20 kl 13.59

  • Me oppmodar alle om ikkje å delta på arrangement med fleire enn 20 personar.
  • Flyreiser innanlands og utanlands vert sterkt frårådd.
  • Kommunale tilbod som kino, bibliotek, ungdomsklubb, bading m.m. vert stengt frå og med torsdag 12.mars 2020.
  • Følg med på Eidfjord kommune si heimesida www.eidfjord.kommune.no og kommune-appen for å få oppdatert informasjon. I tillegg kan du halda deg oppdatert på fhi.no.

Denne informasjonen er  utarbeidd av kommuneoverlegen (smittevernoverlegen). Situasjonen vert vurdert fortløpande. Nye tiltak kan koma.

Eidfjord hamn - cruise

Landet er no inne i ein situasjon med eit aukande antall Coronasmitta. Dette medfører utfordringar for mange bransjar.

Eidfjord hamn har i dag 12.03.2020 innført fylgjande coronarestriksjonar gjeldande for cruiseanløp:

  • Passasjerar fra cruiseskip som kjem til Eidfjord hamn får ikkje komma i land i Eidfjord. Skip kan leggje til kai, men passasjerar må bli om bord.
  • Denne restriksjonen vil gjelda inntil videre. Eidfjord har ikkje ordinære anløp før i april, men restriksjonen gjeld likevel frå 12.03.2020.

Eidfjord den 12.03.2020

Rådmannen