SFO info om kohortar (26.04.20)

SFO info om kohortar (26.04.20)

SFO er delt inn i dei same kohortane som dei har i skuledagen. Det er faste vaksne i kohortane gjennom heile dagen. Dei skal nytta dei same garderobeplassane og toaletta, og ha eigne områder også i SFO-tida.

Morgon-SFO 07.30-08.30

  • 1.- 2. klasse kohorten brukar SFO-døra.
  • Det er ein vaksen i kohorten til stades der frå kl.07.30.
     
  • 3.klasse kohorten nyttar småtrinnsdøra, og går inn i 3.klasserommet.
  • Det er ein vaksen tilgjengeleg frå kl.08.00, som høyrer til kohorten.

Vink til den vaksne i SFO-vindauget når du kjem, slik at ho kan koma og snakka med deg i trappa. Klasserommet står opent, og ein kan nytta iPad, teiknesaker og anna som er lagt fram på pulten. Den vaksne nede kjem til å koma i døropninga og sjekke at alt er bra.

Ettermiddags-SFO kl.13.10-16.30

Lærarane sender fyrst ut elevane som skal heim, og deretter elevane som skal på SFO.

  • 1.- 2. klasse har oppmøteplass ved sykkelskuret til SFO. Ågot/Kari og Ole-Johnny er vaksne på denne kohorten.
  • 3. klasse har oppmøteplass ved hyttebyen. Åsne er vaksen på denne kohorten.
  • 4. klasse har oppmøteplass i skuret ved ungdomsskulen. Svanhild er vaksen på denne kohorten.

Beskjedar føresette har til SFO

Sidan borna er delt inn i faste kohortar, og verken vaksne eller born kan gå mellom desse, er det svært viktig at me har faste avtalar om kva tid borna skal gå frå SFO. Dei som ikkje allereie har levert inn avtale, ber me gjera dette snarast på skule@eidfjord.kommune.no!

Sidan SFO ikkje er samla som ei gruppe, kan heller ikkje mobiltelefon eller Visma nyttast til kommunikasjon. Det er difor svært viktig at alle beskjedar til SFO, er sendt til skule@eidfjord.kommune.no før kl.12.00 kvar dag. På den måten får administrasjonen informert dei ulike kohortane før SFO byrjar.

SFO vedtekter

Det har kome nokon spørsmål om oppseiing og betaling av SFO. I vedtektene datert 01.01.2020, står det:

  • Betalinga skal skje forskotsvis kvar månad for 9 månader. Juni, juli og desember er betalingsfri.
  • Oppseiingstida er 1 månad rekna frå den 01. i neste månad og oppseiinga skal skje skriftleg.