Smittevernråd til næring i Eidfjord frå kommuneoverlegen

Smittevernråd til næring i Eidfjord frå kommuneoverlegen

Det er ein utfordrande situasjon me står oppe i no med coronakrisa. Dette har fått alvorlege konsekvensar for store delar av samfunnet, og kanskje mest næringslivet med ml.a. turistnæringa. I tida framover er det viktig å leggja til rette for best mogeleg drift med så lite risiko som mogeleg. Det er ikkje mogeleg å garantera for smittefriheit, men det er mange tiltak som kan redusera smitterisiko til eit minimum.

Med å ha gode rutinar minkar sannsynet for smitta, og for at bedrifta må stenga i fleire veker grunna karantene. Dei aller fleste fylgjer råda frå FHI,  men det er ingen garanti for at det ikkje kjem gjester som kan overføra smitta vidare. Eg vil gjerne hjelpa i form av råd om korleis de kan drifta næringa på best mogeleg måte og har sett opp nokre punkt. Desse punkta har eg tatt utgangspunkt i retningslinene som FHI har laga.

Smittevernråd

  1. Ingen tilsette som har symptom på luftvegsinfeksjon skal gå på jobb! Dette gjeld sjølv milde symptom som sår hals, hoste, tett nase, feber. Alle med symptom må halda seg heima i eit døgn etter at symptoma er vekke.
  2. Syta for avstand mellom borda på serveringsstadar. Det skal vera 1-2m avstand. Dette gjeld gjest-gjest som ikkje høyrer til samme gruppa, og personale-gjest. Marker gjerne linjer på golvet som makerer avstand ved f.eks. kø, toalett, kasse osv.
  3. Minst mogeleg kontakt mellom personale-gjest og ingen fysisk kontakt.
  4. God hygiene. Vask/sprit hender ofte og alltid mellom kundar. Vask ofte over berøringspunkt med hyppig handkontakt som dørhåndtak, vask, bord, stolar og andre overflater. Det er nok at de nyttar sprayflaske med ein fuktig klut og tørker raskt over.
  5. Det er viktig at de nyttar handsprit som er minst 70%. Det er ikkje godt nok å bruka andre antibakterielle midlar eller å vatna ut spriten. Såpe og vatn er like godt som sprit. Hugs alltid tomlane.

Krav om karantene

Eg legg ved ein link til FHI sine sider som eg ber alle lesa nøye. Her er det definert kva som skal til for at du må i karantene etter kontakt med koronasmitta. Dersom de unngår fysisk kontakt og held  avstand på to meter utanom fra i korte periodar på under 15 minutt vil de ikkje bli ramma av kravet om to veker karantene.

Dela tilsette inn i grupper 

For å hindra at alle tilsette må i karantene ved et smittetilfelle anbefaler eg at de om mogeleg deler opp i grupper som arbeider sammen. Dei ulike gruppene må ikkje blandast slik at det kjem innanfor definisjonen nærkontakt. Dersom de fylgjer dette rådet vil berre ei gruppa kome i karantene ved smitte i personalet og den andre gruppa kan fortsettja drifta. Dersom det er definert som nærkontakt vil det ikkje vera mogeleg å forkorta karantena ved hjelp av negativ koronatest. Det er heller ikkje mogeleg per dags dato å få testa personar som ikkje har symptom som er i karantene då dette kan gje falske negative prøvesvar.

Kontakt

Rita Høvset
Kommuneoverlege
E-post
Telefon 53 67 35 50