Smittevernrutinar for styrkerommet i samband med covid-19

Smittevernrutinar for styrkerommet i samband med covid-19

  1. Opningstid: Styrkerommet er ope kl. 05:00 – 23:00
  2. Max antall: Max 3 personer kan trena i styrkerommet samtidig, dette talet skal ikkje overstigast
  3. Treningstid:  Max 1 time pr. gong pr. person.
  4. Bestilling av treningstid: Treningstid vert inntil vidare booka i ein eigen perm på styrkerommet, fullt navn og telefonnummer må skrivast inn, det er lov å booka tid fram i tid
  5. Hygiene: Vask hender eller bruk handsprit før du går inn i styrkerommet.
  6. Innlåsing: Bruk kodebrikke når du går inn i styrkerommet sjølv om du kjem samtidig med andre. Det er ikkje lov å ta med seg andre personar og barn under 12 år inn i styrkerommet.
  7. Medbrakt utstyr: Ein del utstyr er fjerna frå styrkerommet av smittevernhensyn, dersom du tar med eige utstyr må dette desinfiserast.
  8. Garderobe: Du skal møta ferdig kledd til trening og ikkje nytta garderobane i idrettshallen.
  9. Sjukdom: Personar med teikn på, eller er forkjøla/luftvegsjukdom skal ikkje nytta styrkerommet før dei er symtomfrie. Personar i risikogruppa må rådføra seg med eigen fastlege vedrørande trening i styrkerommet.
  10. Reingjering av utstyr: Alle som nyttar treningsutstyret har eit sjølvstendig ansvar for å reingjera apparat og utstyr etter bruk. Alle kontaktflater skal reingjerast. Det er spray, papir og wipes tilgjengelig i styrkerommet.
  11. Smittevernrutinar ellers i samfunnet gjeld: god handhygiene, hald minst 1 meters avstand, unngå unødig berøring av kontaktflater, hugs hostehygiene.
  12. Overtreding av reglar og smittevernrutinar: Overtreding av reglane/rutinane i styrkerommet kan medføra bortvisning og inndraging av adgangskort (treningsavgift vert ikkje refundert).
  13. Stenging: Styrkerommet kan verta stengt på kort varsel dersom smittevernreglane ikkje vert fulgt og ved eventuelt nytt smitteutbrot.
  14. Reinhald: Reinhaldarane går over styrkerommet kvar vekedag, det vert laga ei vaktliste der nokon superbrukarar har ansvar for å sjå over på ettermiddagstid og gjennomføra reinhald i helgene.