Spørsmål opning av skule (26.04.19)

Spørsmål opning av skule (26.04.19)

Det har kome inn nokon spørsmål i helga, som vi ynskjer å svare på.

  • Opningstid skule: 08.30-13.10. Leksehjelp går som vanleg måndag og tysdag
  • Opningstid SFO: 07.30-08.30, og 13.10 (14.05)-16.30. Meld inn faste avtalar
  • Det er vaksne ute frå kl.08.20 kvar morgon, for dei som ikkje har morgontilbod
  • Fint om de kan sei ha det til borna dykkar ved grinda ved SFO om morgonen. Om ettermiddagen er det berre ute-SFO i sine faste områder rundt skulen
  • Kohortane har fast garderobe, så kvar elev kan ha utekle og bytekle på sin plass.  

Dersom de ynskjer å endra fast avtale på SFO, er det tidsnok å få beskjed dagen før. Minner om at alle beskjedar til SFO, må sendast på skule@eidfjord.kommune.no, sidan telefon og Visma er vanskeleg å nytta i denne perioden når dei ikkje er i samla flokk. 

Det er folk i administrasjonen kvar dag framover, så berre ta kontakt når de lurer på noko! 

Kontakt

Anne Istad
Rektor
E-post
Telefon 53 67 36 22
Mobil 977 82 614

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00