Status frå Eidfjord kommune pr 23.03.2020

Status frå Eidfjord kommune pr 23.03.2020

Status

Eidfjord kommune er komen langt i arbeidet med å førebu seg for eit større utbrot av koronaviruset. Den kommunale kriseleiinga, helsetjenestene og tenesteleiarane er alle i gang med eit stort samarbeid der me no har ein svært god plan for å møta dei utfordringane som kjem. 

Planar

Det ligg føre konkrete planar for å ta i mot både koronasjuke og andre pasientar som vert sendt heim frå sjukehuset i tida som kjem. Tilsette i kommunen som for tida er utan sine faste arbeidsoppgåver får i desse dagar opplæring slik at dei kan gå inn i pleie og reinhald på bygdaheimen.

Helsetenestene er svært sårbare då desse arbeidsgruppene har svært strenge karantenereglar, det er difor svært viktig at me nyttar tida no til opplæring slik at me har mange som kan hjelpa til når det vert meir kritisk. Legekontoret har laga gode tiltak for å hindra at mange der vert vekke samtidig.   

Heimekontor

Me er alle i unntakstilstand no og dei som kan arbeider heimanfrå. Nokon arbeidstakarar kan ikkje arbeida heimanfrå og desse gjer ein framifrå jobb med å hindre smittespreiing. Dei vanlege oppgåvene våre står på vent så alle må forventa lenger saksbehandlingstid på saker som ikkje er definert som svært kritiske.

Skule og barnehage har i dag tilbod til born som har føresette i samfunnskritiske funksjonar, medan dei aller fleste er heime.  

Reise

Me ser at det er fleire smitta på Voss, og i helga vart fyrste tilfelle i Ulvik kjend. Det er svært viktig at innbyggjarane begrensar reiser over kommunegrensene. Det er også viktig for næringslivet i bygda vår at du handlar mest mogeleg lokalt no i tida som kjem både under og etter korona-krisa.  

Informasjon

Eidfjord kommune held heimesida og appen jamnleg oppdatert med nyhende. Her kan du også registrera deg dersom du ynskjer å hjelpa til eller treng hjelp.

Ta vare på kvarandre

Det er gjerne mange einsame i denne perioden som ikkje ser sitt sosiale nettverk som før. Slå gjerne på tråden litt oftare enn vanleg, og høyr gjerne om det er nokon som treng hjelp til handling eller andre oppgåver.  

Hugs å ikkje utsetja deg sjølv eller andre for risiko då me alle må vera med å avgrensa belastinga på helse- og redningstenesta. Eidfjord kommune ynskjer alle ei roleg og smittefri tid - ta godt vare på kvarandre, og hugs grunnleggjande smitteverntiltak.