Statusoppdatering frå Bygdaheimen

Statusoppdatering frå Bygdaheimen

Her kjem ei statusoppdatering frå Bygdaheimen. Bebuarane har det bra.

Kvardagen

Personalet freistar etter beste evne å gjera kvardagen mest mogeleg normal, med daglege gjeremål og trivelege stunder. Det er ei spesiell tid der bebuararne desverre ikkje kan ta i mot besøk av sine, men det verkar som at dei slår seg til ro med at det vert slik ei stund.

Pasienttelefon

Personalet freistar å vera eit bindeledd mellom bebuar og pårørande slik at alle føler seg trygge og godt ivaretekne. Me har pasienttelefon slik at det er berre å ringa sjølv om bebuaren ikkje har eigen telefon, det er alltid godt å høyra ei kjær stemme. Nummeret til pasienttelefonen er: 91722114

Bemanning

På bygdaheimen er mange av dei faste tilsette i karantene etter utanlandsreise, men me er svært glade for at me får forsterkingar frå skule og barnehage.